Kva gjer vi ?

 

Ei korøving er lagt opp slik :

 

-          Oppvarming med div. ”tullesangar”

-          ”Jesus-sangar”

-          Leik; når det let seg gjere, deler vi i 2 grupper ; eldste og yngste.

-          5-minutts-andakt

-          Velsigninga

-          Loddtrekning

     ( Alle born er oppført med kvart sitt nr., og vinn div.småting i løpet av året )                           

-          ”Jesus-sangar”

-          Avslutning: Vi står i ring, held kvarandre i hendene og seier

                           ” Vi vil vere Jesu disippel ” og syng ”Haleluja, haleluja”.

 

 Vi bruker å lage ulike rørsler / evnt.dramatisering til sangane våre.

 

Mange foreldre er med på korøving, og får seg ein ”kaffi-prat” medan borna syng.

 

 

 Enkelte gonger finn vi på noko ”ekstra” :

 

-          pizzafest

-          grautfest

-          leik i gymsalen

-          ”fjelltur” / grilling

-          overnatting på bedehuset

-          foreldre/besteforeldre-invitasjon på ei øving

-          barnekortreff på Brusdalsheimen har blitt tradisjon !

 

 

Stor aldersspreiing :

I Giske barnekor, har vi stor spreiing i alder : 5 – 12 år.

Dette har gjort at vi har brukt å ha enkelte samlingar kun for dei eldste ( 4.- 7.kl )

Dei eldste bruker også å få ein bokpremie 1 gong i året.

Premien våren 2010 var at dei fekk sponsa ein leir på Brusdalsheimen.  12 jenter var med då.        Dei som ikkje kunne var med, fekk ein CD.

 

Hausten 2010 starta vi opp med “Kor du e” som er ei eiga sanggruppe for 4.kl og eldre. Barnekoret øver frå 17.30 -18.30 og “Kor du e” øver 18.30 -19.30

Musikarane er dei samme. Ekstra gledeleg at vi no også har trommis i tillegg til dei 2 fedrene som speler piano og bassgitar.

“Kor du e” har eigne aktivitetar som dans,drama, hobby, gymsal, …….

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s