ÅRSMELDING FOR GISKE BARNEKOR 2009
Leiar: Eli Grøtta Giske
Kar-Johan Andersen: bassgitar
Jan Avseth: pianist. Oddveig Blindheim Valderhaug slutta denne hausten, etter mange år.
Torunn Kalvø er fortsatt kasserar.
Renate Holvik hadde ei sanggruppe for dei eldste, våren 2009, men har hatt opphald i haust.
Siv Avseth har hatt nokre øvigar med eldstegruppa denne hausten. Dei har opptredd på julefest (08), 17.mai og adventfesten. Dei er 10-12 jenter, frå 4.-7.kl.
Vi har ingen fast som ordner med mikrofonane på øvingane.
Barnekoret feira 15-årsjubileum i år. (Oppstart aug-94). Vi øver annakvar onsdag på Giske bedehus og er tilslutta Giske Indremisjon.Det er no 45 born som er med i alderen 5-12 år. 14 av desse borna bur på Valderøy.
Alle 5-åringar på Giske, bruker kvar haust å få eigen invitasjon til å byrje i koret.
Beskjedar blir gitt på sms, og i tillegg har no koret oppretta eigen blogg: giskebarnekor.wordpress.com
Her står semesterplan, årsmelding, kven vi er, kva vi gjer og målsetting for koret. Elles er her linkar til andre aktuelle nettsider som t.d. Imf-ung.
Medlemskontigent : 50,-. Vi søkjer frifondmidlar, kulturmidlar og offer frå Giske sokneråd.
I TILLEGG TIL DEI FASTE ØVINGSDAGANE, HAR VI VORE MED PÅ DETTE :
2.juledag 2008 : julefest på Giske bedehus
5.juledag 2008 : julefest på Vigra bedehus
24-25.januar 2009 : Barnekortreff på Brusdalsheimen. 16 born var med
1.februar : Barnas misjonsdag i Giske kyrkje
11.februar : Markerte 15-årsjubileum! Besøk av Vigra YA-kor og Ann-Grethe Alfsvåg.
Hadde også intervju av 2 kormedlemmar som var med i oppstarten i 1994. Mat til borna før vi starta!
Vi fekk pengegåve frå Giske Indremisjon, og Giske sokneråd. Frå Sparebanken Møre fekk vi 10.000.
Kjekt var det at vi fekk ”lånt inn” Odd-Kåre Naalsund på trommer. Han var med på å starte koret.
14.mars : Bispevisitas. Felleskor for alle barnekora i kommunen. Også borna i Giske barnekor fekk tilbod
om å vere med, men få møtte. Vi hadde tidlegare svart ja til å opptre dagen etterpå.
15.mars : Storsamling på Giske bedehus
25.mars : Vi hadde vanleg øving, men fekk besøk av Kor tøft frå Valderøya. Pølse med brød etter øvinga.
5.april : Palmesøndagsgudsteneste i Valderøy kyrkje
22.april : Øving , der dei yngste møtte 3 kvarter på førehand og hadde pizzafest, og eigne leikar.
17.mai : Fest på Giske skule. I tillegg til barnekoret sang eldstekoret for seg sjølv.
29.mai : Barnemøte på Vigra bedehus. Eldstekoret sang også for seg sjølv her. Gav ut semester plan for hausten.
30.aug. : Samlingsfest Giske bedehus.
6.sept : Konsert / øvingsdag i Vigra kyrkje saman med jentegruppa Seven og Vigra YA-kor.
20.sept : Familiemøte på Ellingsøy bedehus.
23.sept : Fekk fekk besøk av Jarle Waldemar.Vi starta med lapskaus til borna kl 15.Øvde, og hadde konsert kl 18
Det var svært vellukka. 40 born var med på dette. Vi brukte dei nye raude T-skjortene for 1.gong.
Motivet på desse er teikna av Ann-Elisabeth Rørstad. Eg viste og` fram den gamle grøne korgenseren
Vi har no blitt så mange at vi hadde for få av dei turkise.Ein far tok bilete av koret. Det kom i ”Øyblikk”
8.okt.: Familiemøte Giske bedehus.
21.okt : Besøk av Godøy b.kor på ei vanleg øving. Skulebollar til alle !
25.okt : Tunnel-fest i Godøyhallen. Her sang Giske b.kor saman med Godøy b.kor. Anniken Dybvik dirigerte.
Julaften : Gudsteneste i Giske kyrkje
2.juledag:Barnejulefest Giske bedehus.
EKSTRA AVKTIVITETAR FOR DEI ELDSTE ( 4.kl og eldre ) :
11.mars : Laga fruktsalat etter øvinga.
5.juni : Leikar i gymsal, og så overnatting på bedehuset. Laga ostesmørbrød til kveldsmat. 12 born var med.
9.sept: Gymsal etter øvinga
4.nov: Skulle eigentleg på bowling denne dagen. Ein av sjåførane vart sjuk, og måtte utsette dette.
”Som plaster plaster på såret” for borna, vart det grandiosa og leikar heime hos Eli.
18.nov: Bowling og pizza ! ( Gratis tunnelar no ! ) 15 born var med, og 3 foreldre køyrte.
Eli Grøtta Giske, 45425493