Årsmelding 2010 Kor du e

ÅRSMELDING  : Kor du e   2010

Historikk :

Nedre aldersgrense i Giske barnekor har alltid vore 5 år. Det er eit stort spenn frå 5 til 13 år, og det har difor oppgjennom åra vore naturleg å finne på ”litt ekstra” for dei eldste ( 4.kl og eldre )  Dette ”ekstra” har t.d.vore bowling, gymsal-aktivitetar, barnekor-treff og overnatting på bedehuset.

Haust 2008 :

”Eldstekoret” hadde si første øving 12.november 2008

Renate Holvik var leiar, og musikararne var dei samme som i barnekoret.

Øvinga var direkte etter barnekorøvinga.

15 jenter møtte på denne første øvinga. Fleste av desse var også med i barnekoret i tillegg.

”Eldstekoret” opptredde på julefest både på Vigra og på Giske jula -08.

 

Vår 2009 :

Opptreden i februar då barnekoret hadde 15 årsjubileum , 17.mai på Giske og 29. mai på Vigra bedehus. I juni hadde vi ein gymsalkveld med overnatting på bedehuset etterpå.

I juli 2009 var det jenteleir på Brusdalsheimen. Berre 2 vart med denne gongen, sjølv om prisen var sponsa.

 

Haust 2009 :

Renate kunne ikkje ha ”Eldstekoret” lengre, og Oddveig slutta også på piano. ( Ho byrja i Kor tøft på Valderøya)  Jan tok over tangentane. Karl Johan fortsatte med bassgitaren som før.

Vi hadde ikkje så mange vanlege korøvingar, men vi fann på ein del likevel :

  • 6.sept. : Jentegruppa Seven var på besøk med Vigra YA-kor og vi fekk vere med
  • 9.sept. : Gymsal etter barnekorøvinga
  • 20.sept : Opptreden på Ellingsøy bedehus
  • 4.november : Grandiosakveld heime hos Eli
  • 17.november : Sangøving heime hos Eli der vi fordelte solo-oppg. på ulike julesangar.
  • 18.november : Vi feira at tunnelane har blitt gratis, og vi for på bowling
  • 29.november : Opptredde på adventfesten

 

Vår 2010 :

  • 23.-24 januar Barnekortreff  på Brusdalsheimen , 12 born frå Giske var med
  • 14. mars:Storsamling på Giske bedehus. B.koret viste Moses. Eldstekoret eigne sangar
  • 24.mars : Øving først og deretter malte vi påske-egg. 15 born var med i dag !
  • .30.mars : Besøk av Liv Anna Furnes. Lærte oss 2 sangar + eit dramastykke ( Josva )
  • 31.mars : Søkte om oppstartmidlar frå Giske kommune
  • 18.april : Opptreden korkafè på Nestun ( Valderøy / Vigra ungdomsmusikk )
  • 12.mai  : Besøk av Katrine Vågen som lærte bort ein dans. Vi overnatta på bedehuset
  • 13.mai : Foreldrefrokost. Gunn Sissel Mulelid hadde andakt. Eg ba om tips til NAMN
  • 17.mai : Desse eldste jentene opptredde utan underteikna tilstades.

                    17. mai feiringa var på Nestun pga at skulen var under opp-pussing.

  • 21.mai : Opptreden Giske bedehus. Viste dansen frå Katrine og drama frå Liv Anna.
  • 17.juni : Besøk av Katrine Vågen for 2.gong. Meir dans og vi åt kveldsmat saman.
  • 24.-27.juni : Jenteleir Brusdalsheimen.12 jenter var med. Kvar vart sponsa med kr 100

       Etter avslutningsmøtet, der Rannveig Nybø heldt andakt, fekk eg ein sms frå ei mor : 

       Ho foreslo at koret kunne heite ”Kor du e”, og slik vart det.

Haust 2010 :   Øvingane for Kor du e, er direkte etter b.korøvinga ;  frå 18.30 -19.30

  • Ann Elisabeth Rørstad teikna motiv på T-skjortene, og Jan Avseth leverte desse 10.nov .
  • Sven Harald Nyvoll svarte ”Ja”  til å vere trommis for Giske barnekor og Kor du e.
  • Kor du e fekk kr 2000,- i oppstartmidlar og det vart oppretta eigen konto for Kor du e.

 

 

  • 5.sept : Samlingsfest Giske bedehus. (Kongens fortenestemedalje til Magne Furnes)

 

  • 18.sept : Kor Tøft har besøk av Ragnhild Hiis Ånestad, (Soul Children)Vi vart invitert.Berre 5 vart med

 

  • 29.sept : Hobbykveld ( scrap-booking) med Alice Løvdal  og også besøk av kultursjef Frode Synnes

 

  • 10.okt. : Opptreden på Godøy bedehus. Var berre 5 som kunne vere med , men det gjekk fint

 

  • 13.okt. : Opptreden kveldsmøte på Giske bedhus direkte etter at vi hadde hatt øving. Sang kun før talen.

 

  • 27.okt : Barnekoret har bollefest og det blir også nok bollar att til Kor du e.

                    Besøk av Andrea Larsen  som skulle synge solo på neste opptreden vi skulle ha.

  • 10.nov. : Jarle Waldemar var her. Borna fekk gratis middag. Fullt hus på  konserten !

                      Brukte T-skjortene for 1.gong i dag ! Dei er lyseblå og har ei fin teikning.

  • 17.nov. : Sign Urtegård var med på øvinga og øvde inn 2.stemme på ein sang.

 

  • 19.nov  : Opptreden Giske bedehus. Musikararne er ikkje der,så vi viser dansen og har ein playbacksang

                      Det er inspirerande  å høyre Godøy u –kor  !

  • 28.nov. : Opptreden på gudsteneste på Giske bedehus.( Kyrkja stengt pga opp-pussing )

                              Mange frå Kor du e hadde overnatta på bedehuset pga ”Lys Våken”- arrangementet

  • 28.nov :  Opptreden på adventfest Giske bedehus

 

  • 1.des. :  Vi reiser på bowling etter øvinga. 3 fedre som blir med som sjåførar . Det vart og`pizza og brus

 

  • 7.des :   Leik og trim i gymsalen saman med KRIK .

 

  • 12.des. : Gudsteneste Giske bedehus. Den nye presten Anne Marit Riste er der.

 

  • 15.des : Scrap-booking,  mandarinar , gløgg og peparkaker

 

  • 21.des : Kartrine Vågen kjem heim på ferie frå Oslo , og lærer oss ein ny dans. Kakao og mandarinar !

 

  • 2.juledag : Opptreden på julefest. Hadde 1 dans og 1 sang. B.koret framfører ”Den bortkomne sonen”

 

Vår 2011

  • 4.januar : Leik og trim i gymsalen . Tanja Sandanger var med og lærte oss nye leikar.
  • 22.-23 . januar : Barnekortreff  på Brusdalsheimen . 14  born frå Giske barnekor er påmeldt

 

Eg har denne våren fortsatt planer om å trekke inn div. gjestar. M.a har Runa Godø Sæther sagt ”Ja” til ein kveld med Kor du e. Eg ønskjer også å ha ein bake-kveld og ein male-kveld. Fleire tips blir tatt imot med takk J

13.01.2011  Eli Grøtta Giske

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s