ÅRSMELDING FOR GISKE BARNEKOR 2008
Leiar er Eli Grøtta Giske.
Eirik Husøy Lie / Martin Lie står for lyden ; mikrofonane og CD- spelaren
Oddveig Blindheim Valderhaug spelar piano. Vi har i år sjeldan brukt play-back.
Karl-Johan Andersen speler bassgitar.
Jan Avseth speler gitar, evnt vikar på pianoet. Han er også melodi-og tekstforfattar av fleire av våre sangar.
Kanskje vi eingong får nokon på trommer også ………………
Torunn Kalvø er fortsatt kasserar. ( Ho er ikkje med på øvingane )
Janita Giske hadde ansvar for korgenserane og anna praktiske oppg. , men ho sa frå seg dette hausten 2008.
Renate Holvik koker kaffe til foreldre som kjem på øvingane. 12.11.08 starta ho ei korgruppe for dei eldste
Koret har no vore igang i 15 år.(oppstart aug.-94).
Vi har fortsatt øving annakvar onsdag på Giske bedehus, og koret er tilslutta Giske Indremisjon.
Det er no 40 born som er med, i alderen 5 til 12 år.
Nokre gonger har vi hatt leik i gymsalen direkte etter korøvinga. Dette er berre for dei eldste
( 3.kl og eldre ). Elles har vi ein anna tradisjon for å påskjønne dei eldste; dei bruker å få ein bokpremie 1 x pr år. Vi har gratis loddtrekning på alle øvingar, slik at alle vinn ein liten gevinst i løpet av året.
Elles har sms gjort det enklare med å gje påminning om t.d. opptreden. Så eg bruker ikkje å henge opp plakatar lengre. Og eg må ikkje levere ut lappar så ofte som før.
Alle 5-åringar bruker kvar haust å få eigen invitasjon til å byrje i koret.
Sidan hausten -02 har vi hatt medlemskontigent. Denne er no på kr 50,-
Frifondmidlane går til div. utgifter vi har, som t.d. CD `ar, smågevinstar, gevinstbøker, o.l.
Vi bruker elles å få kulturmidlar frå kommunen og offerpengar frå Giske sokneråd.
Eli var på barneleiar-kurs på Bildøy i Bergen i september.
Oversikt over det vi har vore med på (utanom øvingane) :
( 02.12.07 : Vi var med på adventfest på Giske bedehus. Vi sang ikkje på julefesten 2.juledag 2007 )
05.01 : Graut-og foreldrefest, premiering av 4.kl og eldre, film, leikar m.m
17.01 : Barnemøte Godøy bedehus
02.02 : Konsert i Valderøy kyrkje saman med jentegruppa Seven og Kor Tøft.
24.02 : Familiemøte i Misjonssalen i Spjelkavika kl 11.00
09.03 : Gudsteneste i Giske kyrkje
26.03 : Øving med bollefest for små og store
02.04 : Barnas dag i frelsesarmèen i Ålesund
20.04 : Storsamling Giske bedehus
17.05 : 17.mai-fest på Giske skule
19.-20.06 : Overnatting på bedehuset for dei eldste. 15 born var med ! Ulike foreldre kom med ferdig bolledeig
som borna baka ut og åt til kveldsmat. Hanne Furnes var òg med på overnattinga.Dette må gjentakast!
27.08 : Øving med pizzafest for dei eldste
31.08 : Samlingsfest på Giske bedehus
21.09 : Familiemøte på Godøy bedehus
05.10 : Hausttakkefest Giske kyrkje
15.10 : Barnemøte Valderøy bedehus
01.11 : Nærradiomesse Ålesund bedehus
12.11: Den 1.øvinga Renate Holvik var med, og starta med sanggruppe for 4.kl og eldre. 15 som møtte !!!
Dei øver kl 18-19, altså etter den vanlege barnekorøvinga. Dei samme musikarane er med i ”begge kora”
26.12 : 2.juledagsfest, Giske bedehus
29.12 : 5.juledagsfest, Vigra bedehus
Planer for 2009 :
24.-25.01 : Barnekortreff v/ Brusdalsheimen. 15 born frå Giske er påmeldt
01.02 : Barnas misjonsdag,Giske kyrkje
11.02 : Årets ”happening” . Vi held konsert på Giske bedehus. Besøk av Anne Grethe Alfsvåg. Og eit nabokor ?
15.03 : Storsamling, Giske bedehus
Ein søndag i mai / juni tek vi felles søndagsfrokost-spleiselag på bedehuset
Eli Grøtta Giske